Bass player & composer
Avisa Hordaland
Viser i vakker innpakking
«Fabel» er eit knippe vakre
viser, presentert på ein
framifrå måte.
Eli Storbekken/Sigurd Hole:
Heilo, Grappa
Storbekken har Kjort mellom-
alderballadar, riddarviser,
skillingsviser og meir i samle-
mappa gamle viser til sitt va-
remerke, både som pedagog og
utøvar. På cd-en «Fabel» har ho
plukka fram 10 viser der melo-
diane i hovudsak er komne frå
Hedmark og Østfold, men med
variantar frå både norske og
svenske dalføre. Jazzbassisten
Sigurd Hole har sett sitt klare
preg på arrangementa og stem-
ninga i songane, og det er litt av
ein musikargjeng han og Eli har
henta inn i studio; Olav Torget
på gitar, dobro og det eldgamle
strykeinstrumentet konting,
Jarle Vespestad på slagverk og
dhol, Nils Økland på fele og
hardingfele og Karl Seglem på
bukkehorn og saksofon.
Det er instrumenteringa og
dei elegante arrangementa
som gjer «Fabel» til ei utgje-
ving som merkar seg ut. Det
bor ikkje overraska om det
vankar ein Spellemannspris-
nominasjon for dette albu-
met. Eli Storbekken si klare og
mjuke røyst smyg seg elegant,
men enkelt og ujålete inn og ut
av dei musikalske draperia.
Sjølv om dei fleste av son-
gane på «Fabel» kan daterast
neire hundre år attende i tida,
er ikkje alt like gammalt. Sis-
tesporet «Vi reiste i snø den
natta» har tekstar henta frå
poeten Lene E. Westerås, fødd i
1969. Songen vart laga til utstil-
linga «På skinner» som Kåthe
Øyen og Helga D. Storbekken
hadde for eit par år sidan.
Det mest kjende sporet på
«Fabel» er balladen om «De
to søstre» eller «Horpa» som
han også vert kalla. Dette er
ein ballade som finst i eit utal
melodivariantar både i Skan-
dinavia og i storparten av Eu-
ropa. Eli Storbekken nyttar
to melodivariantar på denne
innspelinga; ein etter Ludvig
N. Lindeman frå Østfold og ein
etter Rønnaug Vangen frå Lom
i Oppland.
NILS KVAMSDAL
nk@avisa-hordaland.no